tirsdag 20. januar 2009

Sosial programvare - fagforeningsperspektiv?

Nokre av studentane drar fram at sosial programvare kan vera ein alvorleg trugsmål mot arbeistidsavtalen lærarane kjempar for.

Eg tenkjer at dei då avgrensar seg til type IM-verktøy som MSN. Det er vel ikkje slik at all rettleiing skal gjerast synkront?

Og der "motsette": Er det slik at all undervisning/læring skal føregå inne på skuleområdet og i klasseromssituasjonen?

Kanskje på tide å grava fram Dewy og hans skuleforsøk.

søndag 18. januar 2009

DKL102 samling

DKL1 samlingsbasert studium har hatt samling i Volda torsdag og fredag. Det er utruleg inspirerande å treffa og arbeida saman med studentane om det som er overgripande emnet for dette studiet: Å utforska muligheter for at elevane skal vera produsentar i eiga læring med digitale hjelpemiddel som arena.

På denne samlinga konsentrerte vi oss om sosial programvare - eller internett som arena for produksjon av eigen kunnskap/felles kunnskap. Utprøving og vurdering av sosial programvare vert då sentralt. Som dokumentasjonsform for denne felles læringa valte vi ut Mindomo tankekartverktøy. http://www.mindomo.com/

Sjølvsagt dett vi ned i nokre groper, som at K108-maskinene hadde nytt ghost image med korrupt Firefox-instalalsjon som då gjorde at Google Dokumenter ikkje fungerte. I tillegg til at pålogginga alltid er treg når profilane skulle byggjast lokalt på maskinene.

Ei overrasking var det at samtidig redigering på Mindomo ikkje fungerte lenger...